Stjerner og Jord er ei stor og overtydande diktbok,

skriven av ein mogen mann som femner livet og

tilveret, både det personlege og eksistensielle og det

upersonlege og kosmiske.


Det er korte avstandar mellom det evige og ugripelege og

det jordnære, ufråvikelge. Boka er ei kjærleikserklæring

til livet og den nære røyndomen og til ordet og orda.

Og det er eit farvel til det same.


Poeten snakkar om seg sjølv så avklara og truverdig at han

blir borte, og ein lesar les dikta som om han sjølv hadde

skrive dei om og for seg sjølv.


Blandinga er fri og god. Poeten har til kvar tid akutt gode

anslag, liksom han også er svært god til å slutte i tide.

Det er ei gripande bok, men ikkje tyngjande, snarare

opplivande. Her er så mykje som er vakkert.


– Einar Økland


Tittel: Stjerner og jord

Hard cover. 180 sider.

ISBN: 978-82-997997-1-3

Forfatter: Bjarne Nordbustad